Steinvik Fiskefarm søker COO (Produksjonssjef)
Steinvik har dei siste åra gjort store framskritt med satsing på postsmolt og eigenprodusert rensefisk. Som ny COO (Produksjonssjef) vil du få ansvaret for å ta ut potensialet i sjø og styrke organisasjonen for framtida.
Som COO i Steinvik Fiskefarm får man ansvar for å styre og leie drifta, samtidig ta ei sentral rolle i utvikla av selskapet. I tillegg til oppfølging av tilsette, jobbar COO tett med dagleg leiar og andre leiarar for sine felt. COO har ei viktig rolle som kulturbærar i selskapet med ansvar for å framme eit godt arbeidsmiljø og gode holdningar til HMS-arbeidet i kvardagen. Man har og ein iver etter å skape resultat basert på jakt etter optimal drift og framme god fiskvelferd.
Stillinga er passande for deg som trivast å arbeide i eit operativt arbeidsmiljø der man blir godt kjent med folk, fisk og utstyr.
Ansvarsområder
- Følgje opp daglig drift og enkelte operasjonar på lokalitetane
- Ansvar for produksjonen frå utsett til slakt
- HMS - arbeid og oppfølging av HMS i drifta
- Driftsplanlegging - optimalisering av utsett
- Styre drifta mot produksjonsmål som blir satt
- Delta i å utvikle drifta gjennom strategiarbeid
- Bygge bruer mellom settefisk og matfisk
- Optimalisering av drift og fôring
- Bidra i leiargruppe
- Personalansvar
Litt om din bakgrunn
- Praktisk erfaring frå operativ leiing i havbruk eller lignande stillingar
- Du kommuniserer godt og er flink til å motivere
- Relevant utdanning ikkje eit krav, men ein fordel
- God gjennomføringsevne
- God biologisk forståing
- Flink til å planlegge og se det større bildet
- God til å bruke og danne netteverk
For å lykkast i stillinga som COO meinar vi det er viktig at du handlar på eige initiativ, får ting til å skje og aksepterer ansvar for resultat. Som leiar gir du teamet ei klar oppleving av retning, inspirerer og koordinerer andre og held dei fokusert på måla. Vidare samarbeider du godt med andre; deler kunnskap, erfaringer og informasjon. Du er ein som gjer inntrykk, overtyder og overtaler andre, og får gjennomslag for idéer og planar. I rolla er det også viktig med ein leiarstil som er samlande, samtidig som at du innfører god struktur, rutinar og kommunikasjon på tvers av alle område for å skapa effektivitet og auka kvalitet.
Kva tilbyr Steinvik Fiskefarm
- Konkurransedyktige betingelsar
- Moderne driftsutstyr og fasilitetar
- Gode verktøy for å lykkes i produksjonen (storsmolt og rensefisk)
- Godt og engasjert arbeidsmiljø
- Mulighet til å utvikle selskapet
- Faglige utfordringar og utviklingsmoglegheiter
- Deltaking i relevante forum saman med andre mindre havbruksbedriftar. Eksempelvis Salmon Group/ Godfisken.
COO (Produksjonssjef) rapporterer til dagleg leiar.